Om oss

Etter over 30 år har Odda Trykk & Reklame AS gått frå å vera eit reint trykkeri, til å bli ei moderne trykkeri- og reklame/mediabedrift. Odda Trykk & Reklame AS er totalleverandør av grafiske tenester, blant anna design, digitaltrykk, profilering, skilt og folieproduksjon.

Odda Trykk & Reklame AS har satt fokus på kvalitet, service og dyktige fagpersonar i alle avdelingar. Vi held til på Hjøllo i Odda.

Vi har den største og nyaste digitaltrykkmaskina i distriktet, med høg kvalitet i produksjonslinja. Vi har og 12-farga fargeplottar som produsere bilde og plakatar i høg kvalitet. I tillegg har vi ferdiggjeringsutstyr for alle typar trykksaker.

Odda Trykk & Reklame AS har  ei moderne skilt- og folieavdeling. Her produserer vi det meste til bilreklame, fasadeskilt, turskilt, og ellers det kunden måtte ha behov for.

Vi leverer profilklede, sportsklede og arbeidsklede med påtrykt firmalogo. Vi leverer også anna profilmateriale med firmalogo.

Trass liten bedrift er vi ein stor bidragsyter til samfunnet rundt oss. Kvart år sidan 1995 (ikkje i 2020 pga Covid19) har vi arrangert Odda Trykkeri-Cup i samarbeid med Odda Fotballklubb for håpefulle fotballspelarar frå 6 til 12 år.

Noen av våre varemerker